Lærling

Røynstrand Entreprenør · Odda, Norway
Location
Odda, Norway
Work mode
On-site
Seniority
Intern
Salary
Not stated
Posted
28 Oct 2026

Verified open 3 Nov 2026 · Source: Company careers page

About the role

Meny

Lukk

Tilbake til karriere

Bli lærling hos oss!

Vi tek imot lærlingar gjennom heile året

Som lærling hos Røynstrand Entreprenør AS blir du ein del av eit sterkt fagmiljø med varierte og spanande prosjekt i Hardanger.

Vi gir deg den beste starten på yrkeslivet - med tett oppfølging, erfarne kollegaer og reell arbeidserfaring i eit selskap som byggjer framtida.

Hos oss får du læra av dei beste, utvikle deg fagleg og få verdifull erfaring innan betongarbeid. Vi ser etter deg som er motivert, lærevillig og klar for å ta del i eit arbeidsmiljø der vi løftar kvarandre og spelar kvarandre gode.

Send søknad

Vegen til å bli fagarbeidar

Eit fagbrev er inngangsbilletten til ein trygg og spennande karriere innan bygg og anlegg. Det er eit prov på at du har den formelle kompetansen som krevst for å jobbe som fagarbeidar - og vi i Røynstrand vil gjerne hjelpe deg på vegen dit!

Som lærling i Røynstrand får du høve til å utvikle deg både fagleg, som kollega og medmenneske. Du blir ein del av eit godt arbeidsmiljø, der du jobbar saman med kollegaer som har både engasjement og kompetanse innan faget. Du får vera med på mange varierte og spanande prosjekt.
‍
Vi er tilknytte Opplæringskontoret i Hardanger, og gjennom tett samarbeid med opplæringskontor, fagansvarleg og fadder får du god oppfølging i tråd med læreplanen gjennom heile læretida.

Kven er vi?

Røynstrand Entreprenør AS er eit ingeniørfirma med djupe røter i Hardanger. Sidan 1949 har vi levert solide og pålitelege byggje- og anleggstenester, og vi har i dag over 60 dyktige medarbeidarar som brenn for faget sitt.

Vi tek på oss alt frå totalentreprisar til spesialiserte oppdrag innan geomatikk, vatn og avløp, grunnarbeid, anleggsgartnararbeid, tømrar-, mur- og betongarbeid. Kvalitet, tryggleik og godt handverk står i sentrum for alt vi gjer, og vi jobbar alltid for å finna dei beste løysingane for kundane våre.

Som lærling hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø med eit samhald der vi spelar kvarandre gode. vi ser etter framtidas fagfolk og vil gjerne ha deg med på laget!

Leis meir om oss

Om deg

Vi ser etter deg som er interessert og motivert til å jobbe innan betongfaget, tømrarfaget eller anleggsgartnerfaget - og som trivst med å arbeide i friluft. Våre tilsette jobbar i lag, og det er viktig at du òg trivst med samarbeid og lagarbeid.
Som lærling i Røynstrand forventar vi at du er presis, pliktoppfyllande og lærevillig.

Formelle krav

  • Søknad, CV og eventuelle attestar
  • Karakterutskrift frå skule
  • Oversikt over eventuelt gjennomførte kurs

Vi kan tilby

  • Gode vilkår og betingingar
  • Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit selskap i vekst
  • Stort spelerom og høve til å påverke gjennomføringa av arbeidsoppgåvene
  • Opplæring og gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Hos oss er du med på å gjera ein forskjell!

Send CV og søknad til
postmaster@roynstrand.no

Vi tar i mot søknader fortløpende!

Har du spørsmål vedr. stillingen?
Ta kontakt med Eric Jan Kerkhof

Kontakt

Kom innom!

Vorravegen 44
5750 Odda

Røynstrand Entreprenør AS,
Eitrheim industriområde

Tlf: 536 50 030

E-post: postmaster@roynstrand.no
Linkedin: Røynstrand Entreprenør AS  
Facebook: Røynstrand Entreprenør AS
Instagram: roynstrandentreprenor


‍

ProsjekterTjenesterOm ossKarriereKontakt

Alle rettigheter reservert © YYYY Røynstrand Entreprenører AS.

Personvern og cookies

Browse similar jobs