Vi er alltid på jakt etter dyktige menneske

Agnitio · Førde, Voss +1, Norway
Location
Førde, Voss +1, Norway
Work mode
On-site
Salary
Not stated
Posted
20 Aug 2026

Verified open 3 Nov 2026 · Source: Teamtailor

About the role

Fann du ingen ledige stillingar som passar akkurat no? Det betyr ikkje nødvendigvis at vi ikkje er interesserte i å høyre frå deg.

Agnitio er eit medarbeidareigd IT-selskap med kontor i Øvre Årdal, på Vossevangen og i Førde. Vi hjelper kundane våre med å skape ein trygg, stabil og moderne digital arbeidskvardag gjennom rådgjeving, prosjektleveransar og driftstenester.

Vi er alltid interesserte i å kome i kontakt med personar som ønskjer å utvikle seg innan eitt eller fleire av fagområda våre:

• Nettverk og infrastruktur

• Informasjonssikkerheit og cybersikkerheit

• Microsoft 365 og skykonsulenttenester

• Moderne arbeidsflate og klientadministrasjon

• Drift og forvalting av IT-løysingar

• Rådgjeving og konsulenttenester

• Prosjektleiing og tekniske leveranseprosjekt

• Sal og kundeutvikling

Enten du er ein erfaren spesialist, konsulent, teknikar, rådgjevar, prosjektleiar eller nyutdanna med interesse for teknologi, ønskjer vi gjerne å høyre frå deg.

Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø med engasjerte kollegaer, korte avgjerdsvegar og gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling. Som medarbeidareigd selskap byggjer vi Agnitio saman, og vi legg stor vekt på samarbeid, trivsel og kunnskapsdeling.

Legg inn CV-en din og fortel litt om deg sjølv, erfaringa di og kva fagområde du er mest interessert i. Vi tek kontakt dersom vi ser ei moglegheit som passar kompetansen din og behova våre.

Kanskje er du vår neste kollega?

More jobs at Agnitio

Browse similar jobs